Bispevegmarsjen
Bispevegmarsjen er ein marsj uten tidtaking som er for alle nivå. Ein må berre vere i så god form at ein kjem seg til mål innan klokka 18.
Starten er i Øysædammen i Fyresdal klokka 09.00.
Hugs å registrere deg før du går anten på bussen eller ved starten.
Dersom du skulle bryte før du kjem i mål, må du ta kontakt med arrangør på telefon 99386630 (Anne-Liv) eller 90147038 (Gudrun)
Transport:
Det er buss frå Valle skule 6.30, her er det godt med parkeringsplassar. For dei som kjem frå Fyresdal-sida vil det vere retur-buss tilbake til start på ettermiddag når alle er i mål. Hugs å melde på både marsj og buss.
Bekledning:
Turen tek deg opp i høgfjellet slik at det er viktig å kle seg etter været. Det kan fort bli kaldt i høgda. Du er sjølv ansvarlig for at du er kledd etrter forholda og har med deg det som trengs for ein lang tur i fjellet.
Mat og drikke:
Du må ha med mat og drikke for ein tur over fjellet. Det er kun ein sjølvbetjent drikkestasjon når du kjem ned frå fjellet i Valle.
Makstid:
Du må vere i mål på klubbhuset ved Valle Stadio innan klokka 18.
Dusj:
Dersom det skulle vere ønskelig med dusj ved målgang er dette tilgjengelig i Vallehalli, like ved mål.