Bispevegmarsjen

Bispevegmarsjen har kvart år frå 1982 (med unntak av et par grunna covid) vert arrangera av Valle IL og Fyresdal IL. 

Dette er ein organisera turmarsj som startar ved Nøs før Øysædammen i Fyresdal og avsluttar ved Valle Stadion.

Turen går over interessant og spanande heiområde. Det er store variasjonar frå frodige skogslier og myrområde til høgfjellområde over 1000 meter med snaufjell. 

Historien om Bispevegen

Namnet har den frå den gongen bispane hadde ferdselsvegen sin her. Geistligheten kom med evangeliet austfrå, og det bar mot slutten på deira lange reise gjennom bispedømmet. P.A. Munch skriv at dette « var den fjeldvej, som bisperne, da Thelemarken lagdes til Stavanger stift, fandt mest brugt og passabel. I 1270 var Setesdalen og Telemark under Stavanger bispestol. Ein trur at det ikkje er så mange bispar som har ridd eller trava over Austheiane. Vi veit at biskop Jens Spidberg reiste over Austheia i 1761, og at biskop Jacob von der Lippe skal ha vore den seiste geistlege som nytta seg av Bispevegen. Men ikkje bare geisligheten sveitta seg over fjellet, Pilgrimane vandra på snaufjellet og gjennom dalen, barbeinte, eller tre stig fram og eit tilbake for dermed å gjera botsgangen sers verknadsfull. Men vi gjeng utifrå at vegen har vore i bruk lenge før 1270, og at den etter alt å døme var eit viktig bindeledd mellom Aust og Vest-landet.
Bispevegen startar ved garden Jordet i Valle og gjeng fram til garden Lien i Kleivgrend.
Bispevegen var også friar og bryllupsveg, viktig for å motverke inngifte, som i lange
periodar var eit problem for valldølane.
Fjellvegen frå Valle til Fyresdal er 21 km, og dølane måtte belage seg på ein lang tur. Stigen er godt varda og sidan slutten på tjugeåra har turistforreninga merka den med sin karaktersistiske raude T. Det seiast at dølane bruka å kalle vardane for bispar, og verdige ser dei ut der dei peikar ut retninga i landskapet. Ein av biskopane som drog over fjellet ein gong spurde ein gut som var med på ferda om grunnen til dette: « Jau», sa guten, «dai stende der å syne veijin, men sjave gange dai han inkje».
Sagnet seier og at på Skorestøyl stansa bispane og tok ein dugeleg rast før dei fotsette turen, og soga seier at menyen ikkje var særleg «Bispeleg»
Frå Skorestøyl tok valldølane ,etter tradisjonen ,over transporten av bispane frå fyresdølane. Etter den «duglige rasten», ein varm sommardag i den lette høgfjellslufta, kan vi tenke oss at bispane var mild stemd når det det gjaldt sine sogneborn frå den ville dalen.
Valldølane var ikkje bare kjend for sin villskap og list, men også for sitt mot og uppfinnsamheit.
Dei sveitte biskopane som blei ekskortera nedover dei bratte bakkane, hadde utsyn til eit av landets mest lukka dalføre. Med ein befolkning av eigenrådige individualistar, ofte med eit fylgje som tala ein dialekt dei forsto lite av, må det ha vore litt av eit triumftog for valldølane. Der finnst mange historiar frå desse ekskortane av geistlege menn. Det er dølane som representera fornuften. Den seiste biskop som drog over vegen Jacob von der Lippe, blei då han kom til Skorestøyl møtt av den karakteristiske setesdal- huvinga frå li til li. Han spurde kva dette betydde. « Det er ei kjærleg helsing» fekk han til svar frå presten som fylgde han 

over fjellet. Men setesdals huvinga har også sitt eige språk, med både over og undertonar, som bare dølane kjende.
På Bispevegens høgaste punkt ligg Rolvskvil, 1140 m.o.h. Denne steinsettinga, som kan likne ei steinrøys, skal etter sagnet vere nattleiet til manndraparen Rolv frå Tveitebø. Der finnst inga foklaring på kvifor han vart manndrapar, men at han tok liv. For å berge livet skulle han ligge på høgaste fjelltoppen på sjølve jolenåtta. Han fekk lov til å ha på seg så mange klede som han orka å gå med frå dalen og opp. Han ville trenge mykje for å beskytte seg mot både den utvendige og innvendige kulda. Det å liggje ute ei jolenått var å spile høgt spil med både tru og overtru, og for den som tok liv. Der fannst «småfolk» inne i berget, trudde dei fleste, og ingen av dei som sto på godfot med dei var ute ei jolenått. Rolv hadde på seg sju fulle kledningar sei soga og han overlevde.
Rolv si seng ligg på snaufjellet, på eit av dei mest væirharde stadane langs Bispevegen. Den dag i dag kan vi sjå Rolv sitt leie. Det er ei seng som målar 190 cm og er innramma av større og mindre steinar lagt rundt som ein voll. Ei liten låg stein ligg inne i senga. Det var Rolv si hovudpute. Det var her han låg ei kald jolenått og trassa makter som var større enn han sjølv.
Like burtanfor, litt aust for Rolvskvila ligg Brudeledet. Her har det gått brurefylgje over fjellet.
Ikkje så reint sjeldan fann det stad giftarmål mellom fyresdølar og valldølar. Når brudefylgjet passera høgdepunktet ved Rolvskvila la dei opp vardar og steinar for å syne kor stor brudeføgjet var. Dei vaksne la kvar sin stein langs vegen, brud og brudgom bygde kvar sin varde.
Framleis ligg steinrekkjer og blokkar oppe langs Bispevegen og minner om gamle skikkar. Det gjekk gjætord om eit stort brurefylgje som gjekk over Rolvskvilheii 10. juni 1766. Det var rike folk på båe sider i slektene. Brudgommen Torjus G. Hoptu eigde tri hudar, og brura, Gunnhild eigde fire hudar i Bergland. Brudeledet skal vera til minne om dette fylgjet.

(Utdrag frå boka Bispevegen gjennom Finndalen)

http://www.helenorge.no/cgi-bin/helenorge/imaker?id=45160